Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

– Danskane fullfører oftare enn nordmenn

Forsking viser at det er betrakteleg fleire som fullfører høgare utdanning i Danmark enn i Noreg.

Kor stort fråfallet er, varierer mykje mellom utdanningsretningar.
Publisert

Mellom 2012 og 2020 viser tala at det er færre nordmenn enn danskar som fullfører utdanninga si.

– Det vi ser er at av dei som byrja på høgare utdanning i åra 2005–2010, var det 10 til 15 prosent færre i Noreg enn i Danmark som fullførte ein grad i løpet av 8 år, seier professor Håvard Helland ved SPS, OsloMet.

Saman med Thea Bertnes Strømme ved NOVA, OsloMet, har han forska på fråfall i høgare utdanning.

Kor stort fråfallet er, varierer óg mykje mellom utdanningsretningar. 

Fråfallet er betydeleg høgare i nokre fag

Det er betydeleg høgare i samfunnsfag og humaniora enn i pedagogiske fag, som lærarutdanning, og i helsefag, som medisin, odontologi og sjukepleie. 

– Fagområda med lågast fråfall i Noreg er i hovudsak praktisk retta felt med store innslag av praktisk opplæring og, bortsett frå medisin, relativt låge akademiske krav, seier Helland. 

I Danmark er det eliteprofesjonar med høge opptakskrav som har lågast fråfall, og praktisk retta felt som lærarutdanning og sjukepleie har relativt høge fråfallsratar, legg han til.

Håvard Helland si forsking viser at danskane er betre til å fullføre utdanninga si enn nordmenn.

Nesten dobbelt fråfall blant arbeidarklassen

Tala viser óg at fråfallet er størst blant arbeidarklassestudentane i begge landa. I Noreg er fråfallet blant desse studentane rundt 30 prosent.

– Resultata indikerer nok at over- og middelklassestudentar er betre førebudde på høgare utdanning og kjenner seg meir heime der. Dette inneber óg at dei møter færre utfordringar når det gjeld integrering i utdanningsmiljøet, seier Helland.

Desse sosiale skilnadene i fråfall forsvinn heller ikkje når vi samanliknar studentar med like gode karakterar frå vidaregåande skule, utdjupar han.

Av desse studentane med over- eller middelklassebakgrunn er det studentar med foreldre med lik utdanning som dei sjølve, som fullfører aller oftast. 

Meir «ingeniørsnakk» ved middagsbordet

Helland si forsking viser óg at skilnaden i fullføringsgraden blir mindre dersom studentar med høgt utdanna foreldre vel ei anna utdanning enn foreldra.

Han meiner det kan vere ulike grunnar til at det er slik.

– Det kan både handle om at det er meir «ingeniørsnakk» ved middagsbordet og at studentane får meir hjelp. Eller, med andre ord, at dei gjennom oppveksten har vorte betre førebudde på studiane, og at dei dermed meistrar studiane betre, seier Helland.

Det kan óg skuldast at desse studentane verdset foreldra si utdanning høgare enn andre studentar gjer, og dermed anstrenger seg meir i studiane, meiner professoren.

Treng meir kunnskap om årsakene

Kvifor er det slik at danskane er betre til å fullføre enn nordmennene? Dette har ikkje Helland forska på.

– Forskinga vår viser ikkje årsaka til at det er slik. I utgangspunktet er Noreg og Danmark to ganske like land, men i høgare utdanning er det eit større skilje mellom universitet og høgskular. I Noreg er skiljet mellom høgskule og universitet i stor grad viska ut, seier han.

Slik er det ikkje i Danmark.

– I Danmark har høgskulane først og fremst fokus på å utdanne menneske til yrke som støttar velferdsstaten, som sjukepleie og lærarutdanning. I Noreg tilbyr høgskulane også program som ingeniør- og sosialfag, som i Danmark er universitetsprogram, seier han.

Noreg sin høgskulesektor har blitt beskrive som den mest forskingsintensive i Vest-Europa. 

– I Noreg har det vore lov til å drive forsking på høgskular lenge, medan i Danmark vart det lov så seint som i 2013. Det kan jo spele inn, seier han.

– Danskane legg betre til rette for dei som er mindre fagleg førebudde

Ein skilnad forskaren har observert handlar om effekten av gjennomsnittskarakter frå vidaregåande skule. 

I begge land var det anslåtte fråfallet nær null for studentane med dei beste karakterane frå vidaregåande skule, medan landskilnaden blant dei svakast presterande er enorm. 

– Dette indikerer at dansk høgare utdanning er betre til å leggje til rette for dei som er mindre godt fagleg førebudde, og betre til å stimulere faktorar som fremjar gjennomføring, som meistringstru, motivasjon, samvitsfullheit, læringsstrategiar og innsats, seier Helland.

Han seier også at det er umogleg å undersøkje denne hypotesen i registerdata, men at det tyder på at framtidig forsking bør sjå nærare på kva som faktisk går føre seg i auditorium og lesesalar som er meir gunstig for mindre godt førebudde studentar i Danmark enn i Noreg.

– Studierettleiinga i vidaregåande skule kan óg vere verdt å undersøkje. Dersom ein styrkar denne, kan det gjere at fleire studentar hamnar på rett hylle og dermed fullfører i større grad, seier han.

Referanser:

Håvard Helland mfl.: Social inequality in dropout rates in higher education: Denmark and NorwayStudies in Higher Education, 2024. Doi.org/10.1080/03075079.2024.2431588

Håvard Helland og Thea B. Strømme: Social inequality in completion rates in higher education: Heterogeneity in educational fields. The British Journal of Sociology, 2024. Doi.org/10.1111/1468-4446.13075

Powered by Labrador CMS