Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Lesekrise eller leseboom?
Norske elevar har aldri vore dårlegare til å lese, men samtidig snakkar mange om ein leseboom inspirert av BookTok. Kan begge delar vere sant samtidig?
– Det er ein del, særleg jenter, som les enormt mykje, men det er vanskeleg å seie kor breitt dette fenomenet er, seier forskar Sunniva Evjen.(Foto: NTB / Gorm Kallesta)
–
Undersøkingar som PISA og PIRLS viser lita leseglede hos 15-åringane, og også
nedgang i leseferdigheiter.
Det seier Åse Kristine Tveit, forskar i
bibliotekvitskap på OsloMet.
Ho meiner lesekrisa er reell, og erfarer det også i møte med nye studentar, som slit med å lese lange tekstar.
Leseboom – men ikkje for
alle
Samtidig
veks bokfellesskapet BookTok på TikTok, influensarar på sosiale medium
framsnakkar bøker og leseklubbar er i vinden.
Bokhandlarar og bibliotek melder
om utlåns- og salsrekordar, og hevdar vi er inne i ein leseboom.
Betyr det
at vi kan avblåse krisa?
– Det er ein del, særleg jenter, som les
enormt mykje, men det er vanskeleg å seie kor breitt dette fenomenet er, seier
forskar Sunniva Evjen.
– Når du
ser på kva som er på topplistene på BookTok, så ser du særleg bøker med appell
til unge jenter, seier ho.
Vanskeleg å få gutar til å lese
Bøkene er
gjerne dialogdrivne og inneheld mykje drama og sterke kjensler, fortel
forskaren.
Evjen meiner vi kan seie at vi har ein leseboom – berre ikkje i alle
samfunnslag eller blant alle.
Det å få
gutar til å lese blir ofte sett på som den vanskelegaste nøtta å knekke.
– Veldig
ofte når det er snakk om lesing og unge, så er det snakk om å lese
skjønlitteratur i bokform, og det er det ikkje alle gutar som likar. Men det er
viktig å hugse at det finst mykje anna lesing. Gutar les kanskje andre ting,
som faglitteratur eller lesing knytt til dataspel, seier Evjen.
Åse Kristine Tveit har forska på leseglede blant elevar på yrkesfag. Ho meiner det er viktig å hugse at lesing kan vere mykje anna enn skjønnlitteratur.(Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet)
Blir lesing eit
elitefenomen?
Heller
ikkje på biblioteka treff utlånsveksten alle.
– Ser ein
på utlånsstatistikken til biblioteka er det særleg lån av barnebøker som aukar,
seier Åse Kristine Tveit.
Ho knyter
det særleg til dei årlege Sommarles-kampanjane, som er svært populære.
Annonse
– Og
ikkje minst at ein del foreldre er veldig merksame på at dei vil at ungane skal
ha mindre skjerm, og dei vil gjerne at dei skal bli gode lesarar, få seg ei
utdanning og gjere det bra i livet. Kanskje er foreldre som sjølv har høg
utdanning mest opptatt av det, seier ho.
Det at nokre grupper les meir kan forsterke skilnader
Evjen
meiner det er grunn til å tru at nokre grupper dominerer utlånet på biblioteka.
– I Noreg
har vi ikkje tal på dette, men i Danmark finst det studiar av kven lånarane er
og kva dei låner, og der ser vi at biblioteka ikkje nødvendigvis er like
utjamnande som ein skulle tru, seier ho.
I Danmark
viser nemleg tala at det er dei med god økonomi og høg utdanning som oftast
låner bøker på biblioteka.
– Det vi kan gjere, er å legge til rette for at det skal bli lettare å bli motivert eller inspirert, seier Sunniva Evjen. Ho meiner skolebiblioteka er ein viktig arena for å utvikle leseglede.(Foto: Sonja Balci / OsloMet)
Forskarane meiner det er sannsynleg at også norske
lånarar er ressurssterke, sjølv om dei understrekar at biblioteket også blir
brukt på mange andre måtar, av eit breitt publikum.
Det at
nokre grupper les meir, medan andre sakkar akterut kan bidra til å forsterke
skilnader i samfunnet.
– Evna di
til å lese og konsentrere deg handlar også om evna til å tileigne deg kunnskap
på mange andre område, seier Tveit.
Korleis kan vi snu
lesekrisa?
Ei gruppe
som les lite er elevar på yrkesfag. Tveit har forska på leseglede blant desse
elvane og seier at forskinga viser at dei i liten grad identifiserer seg som
lesarar, og heller ikkje opplever glede ved å lese.
Tveit trur
det å gje elevane litteratur som kan gi dei lesegleda og motivasjonen tilbake
er avgjerande viss vi skal klare å snu lesekrisa.
– Elevane
vi intervjua sa dei gjerne kunne tenke seg å lese noko knytt til faget dei gjekk
på, for det hadde dei jo valt ut frå ein interesse. Det kunne vere faktaforteljingar,
eller kanskje biografiar om ein som har vore i det yrket, seier ho.
Annonse
– Viss du
skal bli motivert, så handlar det både om å vere interessert i noko, og om å
vite at det gir deg ei god oppleving. At du har ei erfaring om at dette veit eg
er kult. Det er jo noko av dynamikken bak at seriar sel så bra.
Skolebiblioteka som
frirom
Sunniva
Evjen meiner det finst tiltak vi veit verkar for å gi elevane lesegleda tilbake:
– Det vi
kan gjere, er å legge til rette for at det skal bli lettare å bli motivert
eller inspirert. Der må ein i større grad tenke at skolebiblioteka er ein viktig
arena, seier ho.
–
Skolebiblioteket kan bli eit frirom som er noko anna enn klasserommet, med eit
variert tilbod av bøker, der elevane kan få gode anbefalingar basert på ikkje
berre kva dei er interessert i, men også ut frå nivået dei er på, legg ho til.
I Sverige
satsar dei no milliardar på å bygge opp skolebiblioteka for å betre
leseferdigheitene. Forskarane håper regjeringa sin nye lesekommisjon, som kjem med
sine anbefalingar i løpet av året, vil foreslå det same.
– Det å
ha eit skolebibliotek som er bemanna, der elevane møter nokon som kan bøker, og
som kan formidle, utan at det er ein lærar. Det utgjer ein kjempeforskjell,
seier Evjen.
Tips til deg som vil ha
leseglade barn
Åse
Kristine Tveit har desse råda til foreldre som vil at barna skal bli glade i å
lese:
La barnet få velje bøker sjølv.
Vær ein lesande rollemodell. Barna ser kva du synest er viktig.
Les høgt for kvarandre. Ingen blir for stor til det.
Snakk med barna om kva dei les og om kva du sjølv les.
La det bli ein triveleg vane å gå på biblioteket – med god tid.