Løftar outsider inn i sentrum
Hovudverka til Bendik Riis kan lesast som politiske historiemåleri, der biletkunstnaren set sitt eige liv i scene. I ei ny doktoravhandling blir kunstmålaren løfta ut av rolla som ein schizofren, kuriøs kunstnarfigur.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Bendik Riis (1911-88) har hatt ei offerrolle i norsk kunstliv. Men eg har ønskt å distansere meg frå det sjukdomsorienterte blikket og plasserer ein marginal kunstar inn i sentrum av den norske kunsthistoria, seier Jon-Ove Steihaug.
22. april forsvarte han doktoravhandlinga si ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk ved Universitetet i Oslo.
Han er den første som har drive kunsthistorisk forsking på kunsten til Riis.
Passa ikkje inn i kunsthistoria

Bendik Riis er ein særeigen figur i norsk etterkrigsmåleri, både outsider og insider på same tid. Han har vore ein populær kunstnar, og mange av verka hans er innkjøpt av offentlege institusjonar.
Likevel er ikkje Riis nemnt i sjubindsverket Norges kunsthistorie frå 1981.
– Eg tolkar dette som eit symptom på den rolla han fekk som ein kuriøs, fascinerande figur som samtidig ikkje heilt passa inn i den gjengse kunsthistoria.
– Slik eg ser det, skapte han i realiteten eit politisk historiemåleri med eit anna perspektiv enn det sosialdemokratiske monumentalmåleriet som dominerte norsk kunst i mellomkrigstida og opp til 1950-talet, slik vi for eksempel møter det i Oslo rådhus.
– Riis fortel oss ei anna historie, seier Steihaug.
Speglar ei spesiell livshistorie
Bileta hans handlar om nasjonal begeistring, “dei harde trettiåra”, den tyske okkupasjonen og om lobotomi og elektrosjokk – behandlingsformer han sjølv kjende til frå Gaustad sjukehus.
– Den spesielle livshistoria, slik vi møter henne i måleriet hans, har vore med på å skape ei legendarisk forteljing om Riis i norsk offentligheit, mellom anna knytt til det at han var tvangsinnlagt på Gaustad i seks år frå 1946 til 1952 med diagnosen schizofreni.
- Der vart han sjølv behandla med elektrosjokk. Verka hans handlar mykje om makt og avmakt, fortald av ein person i ein sosialt marginal posisjon.
Iscenesetting av sitt eige liv

Steihaug har nærlese fire av hovudverka til Riis, og aller mest vekt har han lagt på Bendik og Aarolilja frå 1950-åra.
I dette store måleriet fangar kunstnaren opp den norske, nasjonale begeistringa som stod sentralt heilt frå 1850-åra og utover i 1950-åra. I verksanalysen har Steihaug brukt eit dobbelt perspektiv.
– Det er viktig å forstå dette verket som politisk måleri. Men det politiske er vove saman med det eksistensielle som del av ei sjølviscenesetting. Riis målar seg sjølv inn i biletet, og ansiktet til Bendik har kunstnarens eigne ansiktstrekk.
– Ved denne typen iscenesetting skapte Riis ei forteljing om sitt eige liv, og i analysen har eg nytta meg av psykoanalytiske forståingsmetodar, seier Steihaug.
Interessant som samtidskunstnar

Steihaug meiner Riis også var ein svært interessant samtidskunstar.
– Då eg begynte å arbeide med kunsten hans på 1990-talet, opplevde eg at Riis var ein aktuell kunstnar sett i forhold til den kunstteoretiske diskusjonen i 1990-åra, der det handla mykje om identitetsskaping og iscenesetting av seg sjølv i kunsten.
Men bileta hans handlar ikkje berre om kunstnaren sjølv. Steihaug prøver å vende blikket mot oss – vi som ser verka.
– Måleria peikar i like stor grad på ”oss”. Vi er sjølve ein del av den historia han fortel, meiner han.
Sjå òg:
Bendik Riis’ eksistensielle og politiske maleri - pressemelding om disputasen
Herr Kunstmaleren Bendik Riis’ nettsider