– EU-spørsmålet handla ikkje berre om framtida til nasjonen, men om forståinga av oss sjølve og vår eigen identitet.
– Nei til EU skisserte ei verd av felles erfaringar som mange kunne kjenne seg igjen i og ei felles historie som handla om kven vi er og vil vere, seier Line Esborg.
Ho disputerte nyleg ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk ved Universitetet i Oslo.
Om den norske identiteten
I doktoravhandlinga Det norske nei til EU. En studie av motstand som kulturell praksis tek ho utgangspunkt i organisasjonen Nei til EU.
– Målet har ikkje vore å forklare utfallet av folkeavstemmingane, men å sjå kva for meiningssamanhengar argumentasjonen til nei-sida er forankra i. Eg har studert argumentasjonen til nei-sida heilt frå 1961 og fram til folkeavstemminga i 1994.
– Ser ein på meiningsuniverset til Nei til EU, vil ein oppdage at det handlar mykje om identitet – om meiningar, verdiar og haldningar. Studerer ein argumenta, ser ein at diskusjonen i liten grad handlar om EU og Europa.
– Debatten er meir innoverretta, og handlar i større grad om Noreg og det norske, seier Esborg.
Historie i motmaktperspektiv
Ho meiner nei-sida fungerte svært godt retorisk under EU-kampen, ikkje minst fordi Nei til EU stod fram som ei folkeleg rørsle.
– EU-saka vart så viktig at svært mange valde å stå på stand for å demonstrere synspunkta sine offentleg.
– Slik fekk nei-tilhengarane direkte kontakt med folket rundt i landet, noko som også viste det norske demokratiet i praksis.
– Kva for verkemiddel brukte nei-sida som ikkje ja-sida tok i bruk?
– Nei-sida greidde å lage ein argumentasjon som vann gjenklang i befolkninga, og mange av argumenta var forankra historisk.
– Ja-sida brukte historia for å ironisere over det nasjonale og den norske nisselua, medan Nei til EU såg på historia i eit motmaktperspektiv – til dømes unionshistoria og motstandshistoria frå 1972.
– Det var ein god retorisk strategi å velje eit folkeleg omgrep som motmakt, meiner Esborg.
Vart meir politisk korrekt
I 1972 var nei-sida delt i mange fraksjonar, men på 1990-talet greidde nei-sida langt på veg å samle seg.
Annonse
– På 1990-talet var debatten meir politisk korrekt enn i 1972, og nei-sida vart meir forsiktig med symbolbruk, som til dømes bruken av det norske flagget. Målet var å samle alle moglege slags folk som kunne tenkjast å stemme nei.
Inga politisk sak har engasjert nordmenn meir enn spørsmålet om medlemskap i EU, og valdeltakinga i 1994 var på heile 89 prosent.
– Ikkje sidan innføringa av den allmenne røysteretten i 1913 har så mange delteke i eit val i Noreg, fortel Esborg.
Ho er den første som har utført ei så omfattande nærstudie av nei-sida i den norske EU-debatten.