DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
Er inneklimaet betre på cellekontor eller i opent kontorlandskap?
Tilsette i opne kontorlandskap opplever oftare inneklimaet som dårleg samanlikna med dei som har eige kontor.
På mange arbeidsplassar har vegger og dører blitt erstatta med opne rom, delte pultar og fleksible kontorløysingar.
Ein ny studie frå STAMI viser at kontorløysinga i stor grad påverkar korleis tilsette opplever inneklimaet – og at dette igjen heng saman med førekomsten av hovudverk og luftvegsplager.
Store forskjellar mellom kontortypar
Forskarane samla inn data frå nesten 8.000 norske kontortilsette i 2016 og 2019.
Dei tilsette jobba i alt frå private cellekontor til fleksible kontorløysingar utan faste plassar.
Resultata viste at dei som sat i fleksible kontorløysingar, eller kontor delte med mange andre personar, oftare rapporterte om dårleg inneklima samanlikna med dei som sat på private kontor.
Plager heng saman med inneklima
Mange av deltakarane rapporterte om hovudverk og luftvegsplager.
Analysane til forskarane viste at desse plagene var tydeleg knytt til korleis dei tilsette opplevde inneklimaet.
– Tørr luft, trekk og dårleg ventilasjon var knytt til auka risiko for symptom som hovudverk og luftvegsplager, forklarer tidlegare STAMI-forskar Therese Moazami.
Interessant nok fann forskarane ingen direkte samanheng mellom kontortype og symptom, dersom inneklimaet i utgangspunktet var godt.
– Det betyr at det ikkje nødvendigvis er kontorløysinga i seg sjølv som er problemet. Men dersom inneklimaet ikkje er godt nok, kan opne og delte kontorløysingar forsterke ubehag og helseplager, seier Moazami.
Kvifor er inneklimaet dårlegare?
Sjølv om årsaker ikkje er studerte i studien, er det nokon ting som går igjen i forskingslitteraturen.
Dei som sit i delte kontorløysingar har ofte mindre autonomi over eige inneklima.
For dei har ofte mindre tilgang til å opne og lukke vindauge og dører, eller justere temperaturen og belysninga i rommet, samanlikna med dei som sit på private cellekontor.
Moazami nemner også at sosiale mekanismar kan spele inn.
Dette kan gjere at fleire reagerer
Misnøya til éin tilsett som klagar på trekk eller tørr luft, kan forsterke andre si oppleving av liknande problem.
Dette kan igjen gjere dårleg inneklima til eit problem fleire blir klar over.
– Utfordringar med inneklimaet varierer frå bransje til bransje og mellom ulike typar kontorarbeid. Kvar arbeidsplass må finne løysingar som passar deira eigne lokale og arbeidsformer, seier Moazami.
Ho understrekar at når inneklimaet blir opplevd som godt, viser studien at forskjellane i helseplager mellom delte og private kontorløysingar er små.
Les også disse sakene fra STAMI
-
Ansatte på sagbruk kan få betennelser i kroppen
-
Når unge slit på jobb, handlar det meir om arbeidet enn om alderen
-
Ny rapport: Skiftarbeid og nattarbeid kan påverke risiko for ulykker på jobb
-
I disse yrkene står folk lengst i jobb
-
Kvarts kan vere farleg sjølv om nivåa er låge
-
Slik jobber norske virksomheter med arbeidsmiljø
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER
Referanse:
Therese Nitter Moazami og Tom Sterud: Self-reported indoor climate in shared vs. private offices and its effects on headache and respiratory symptoms in Norwegian office workers. Indoor Environments, 2025. Doi.org/10.1016/j.indenv.2025.100118