Annonse

En notis fra Universitetet i Oslo - les mer.

Stadig fleire får diabetes type 2 i ung alder. (Illustrasjon: Africa Studio / Shutterstock / NTB scanpix)

Vil ha samarbeid om betre diabetesbehandling

Publisert

Overvekt og diabetes er to parhestar som vert stadig større samfunnsproblem. Eili Tranheim Kase ynskjer meir samarbeid mellom akademia og legemiddelindustrien for å betra hjelpa til pasientane.

– Meir enn ein tredel av folk i verda er overvektige. Ein av fem av desse kjem til å utvikla diabetes type 2, med dramatisk auka risiko for hjarte-/kar-sjukdommar, slag, augesjukdommar, nyre- eller leverskade, tannsjukdommar, ereksjonssvikt og fleire andre komplikasjonar, fortel førstelektor Eili Tranheim Kase ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– I Noreg er det registrert rundt 200 000 personar med diabetes type 2, men vi veit at kanskje like mange går rundt med sjukdommen utan å vera klar over det. Ofte får ein ikkje diagnosen før sjukdommen er komen så langt at cellene sin evne til å produsera insulin i liten grad let seg reparera, seier ho.

Insulin er eit hormon som vert produsert i bukspyttkjertelen. Det bidrar til å halda blodsukkeret på eit stabilt nivå. Når kroppen si evne til å produsera insulin er redusert eller borte, aukar blodsukkeret og begynner å gjera skade. Diabetes type 1 er ein autoimmun sjukdom som mest råkar barn og unge, og som ikkje skuldast levevanar.

– Det gjer derimot type 2. Nesten alle som får den er overvektige. Den oppstår mest hjå vaksne, men stadig fleire får den i ung alder. Både personleg og samfunnsmessig har diabetes store kostnadar, så gevinsten ved betre legemiddel og behandling er stor, seier Kase.

No står ho som prosjekteigar på ein av søknadane til Forskingsrådet si ordning med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Saman med seg har ho både andre forskingsinstitusjonar og større og mindre bedrifter frå legemiddelindustrien.

Les meir om forskingsprosjektet på heimesidene til Universitetet i Oslo

Powered by Labrador CMS