Annonse

Yrkesskuleelevar under lupa

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

NOVA-forskarane Kristinn Hegna og Marianne Dæhlen er no i gang med eit nytt prosjekt der dei skal sjå nærare på kva det er som kjenneteiknar dei elevane som mot alle odds fullfører si yrkesfaglege utdanning. Desse elevane har alle risikofaktorane for fråfall, men gjennomfører likevel.

Tidlegare i år fekk forskarane tildelt sju millionar kroner frå programstyret for forskingsprogrammet Utdanning 2020 i regi av Noregs forskingsråd. Prosjektet «Kvalifisering og sosial inkludering i yrkesfagleg utdanning i vidaregåande skule» (SAFETY – VET) skal gå over fire år.

I Noreg har det dei seinare åra vore uttrykt ei uro knytt til at så mange droppar ut av den vidaregåande skulen. Problemet er særleg stort i den yrkesfaglege skuleretninga. Mange av dei undersøkingane som har vore gjort på feltet, handlar om risikofaktorar knytt til at elevane sluttar, og kjenneteikn ved desse elevane. I det nye prosjektet ønskjer forskarane å sjå nærare på ungdomane sin veg gjennom den yrkesfaglege utdanninga. Dei vil sjå på dei elevane som fullfører vidaregående på trass av at dei har alle desse kjenneteikna som er knytt til fråfall.

Forskarane ynskjer å få vite kva det er med desse elevane som gjer at det går bra sjølv om dei har eit dårleg utgangspunkt.

Powered by Labrador CMS