Annonse

What did you learn in SKUL today?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva veit vi eigentleg om kva som nyttar i skolen? Og kva er det vi ikkje veit? 1. januar 2011 blir Forskingsrådet sitt nye Senter for kunnskap om utdanning og læring (SKUL) etablert.

Det nye senteret blir oppretta som ei avdeling i Forskingsrådet med ein eigen direktør og ein stab på inntil 5–6 personar. Hovudoppgåva for det nye senteret blir å framskaffe systematiske oversikter over norsk og internasjonal utdanningsforsking, og gjere denne kunnskapen tilgjengeleg for myndigheiter og andre brukarar. Ei anna viktig oppgåve blir å peike på område der det manglar kunnskap om utdanning og skole.

Forskinga må ut
– Vi har eit stort behov for at utdanningsforskinga blir betre kjend og betre samanfatta, slik at ho kan bli enklare å nytte i politikkutforminga og av praktikarane, seier Arvid Hallén, administrerande direktør i Forskingsrådet. Han er svært nøgd med at Rådet no har fått denne oppgåva.

Opprettinga av SKUL er etter bestilling frå Kunnskapsdepartementet (KD), som i oppdragsbrevet sitt signaliserer store forventingar til senteret. Det er forventa at senteret skal bli ein viktig aktør i norsk utdanningsforsking og i vidare forstand i norsk utdanningspolitikk.

SKUL vil i tillegg få eit brukarforum der det vil bli mogleg for ulike instansar i utdanningssektoren å spele inn kunnskapsbehov. Desse innspela skal senteret nytte vidare i sine analysar av kunnskapsbehov.

Les heile saka på forskingsradet.no

 

Powered by Labrador CMS