Annonse

Vitskapsakademiet kan overta språksamlingane

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vitskapsakademiet kan bli den beste tilhaldsstaden for språksamlingane, om dei blir flytta ut av UiO, skriv Uniforum.

Den 11. juni vedtok styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium at det ikkje lenger har råd til å ta ansvaret for språksamlingane til Universitetet i Oslo.

Tidlegare har det blitt klart at 19 tilsette i Norsk Ordbok mister jobbane sine når prosjektet formelt er over 1. januar 2015.  Samtidig blir døra halde på gløtt for at dei kan halda fram til 28. februar 2015, dersom det kjem ekstra pengar til etterarbeidet med det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok.

Powered by Labrador CMS