Annonse

ViS-prisen til På Høyden

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

På Høyden får Vitenskapsakademiet i Stavanger sin pris for god forskingsjournalistikk, skriv På Høyden.

Dette er fjerde gong prisen vert delt ut. Tidlegere har P2-programmet Museum, Aftenposten og Morgenbladet fått prisen. ViS-prisen blir ifølge statuttane delt ut til redaksjonar eller enkeltjournalistar som har drive «kritisk, innsiktsfull og vederheftig forskingsjournalistikk»

Redaktør Dag Hellesund vart tilsett for to år sidan. Samtidig fekk På Høyden redaktørplakat, og med den eit større rom for uavhengig journalistikk og kritisk debatt.

– Eit av måla du proklamerte som nytilsett redaktør for to år sidan, var at På Høyden skulle vinne ein pris. Kva betyr det for På Høyden å få denne prisen?

– Vi er særs lukkelege over å ha fått ViS-prisen. Årets pris er ein stor heider til den veksande sektoren av universitets- og høgskuleaviser, som driv kritisk journalistikk på ein meir fagnær måte enn ålmenne aviser kan tillate seg. At fagblad vinn prisar er eit teikn på at vi er der vi skal vere når det gjeld kvaliteten på journalistikken vår, seier redaktør Dag Hellesund.

Powered by Labrador CMS