Annonse

Vindteknologi i Stavanger

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Stavanger har planane klare for eit kompetanseprogram på vind og vindteknologi frå hausten 2010.

Dette vil i første omgang vera eit program på 30 studiepoeng, som skal arrangerast av etter- og vidareutdanningseininga UiS Pluss. Programmet er spesielt eigna for leverandørindustrien til vindkraftutbygging. I tillegg vil det også vera eigna for operatørar, tilsyn og offentlege styresmakter. Innhaldet i programmet er utarbeidd i samarbeid med industrien.

Det faglege ansvaret for programmet ligg under Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi, som har kompetanse i verdsklasse innan utbyggingar offshore for petroleumsindustrien. I tillegg har instituttet kompetanse på vind og vindteknologi, med fleire patentsøknader på fagområdet.

Innhaldet i programmet vil dekka alt ifrå vind som naturfenomen til bygging og vedlikehald av vindmøller offshore. Ein del av programmet baserer seg på spesialtilpassing av tidlegare kurs, medan andre delar vil verta utvikla spesielt for dette programmet.

Powered by Labrador CMS