Annonse

Vil stansa oppseiingsvarselet til dei tilsette i Norsk Ordbok

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– NTL meiner at oppseiingsvarselet til dei 23 medarbeidarane i Norsk Ordbok må trekkjast tilbake, seier tilliltsvald Marianne Midthus Østby til Uniforum.

Grunngjevinga for kravet er at UiO nett no ikkje har oversyn over kva oppgåver som fell bort, i kor stort omfang dei fell bort og frå kva tidspunkt dette vil gjelda. Det opplyser tillitsvald Marianne Midthus Østby i Tenestemannslaget ved UiO til Uniforum.

I førre veke blei det kjent gjennom Uniforum at UiO har sendt oppseiingsvarsel til alle dei 28 språkforskarane i Norsk Ordbok. To av dei vil gå av med pensjon i løpet av året, medan to har fått nye jobbar. I praksis blir det dermed 23 tilsette oppseiingsvarselet vil gjelda for. Grunngjevinga for avgjerda er at prosjektet skal avsluttast til nyttår, og dermed fell arbeidsoppgåvene bort. Prosjektdirektør Åse Wetås har likevel bede om å få ekstra finansiering for å få gjort ferdig lanseringsarbeidet med det tolvte og siste bandet, som vil vera ferdig i trykken i desember. Difor håpar ho at prosjektet kan halda fram til 1. mars. Førebels har ho ikkje fått lovnader om det frå UiO-leiinga.

Powered by Labrador CMS