Annonse

Vil sikre UiB dei beste forskarane

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetsstyrerepresentant Sigrunn Eliassen (bildet) meiner at UiB sviktar i rekrutteringa. - Det er eit stort tap for UiB både omdømemessig og rekrutteringsmessig at vi ikkje i større grad klarer å halde på dei beste forskarane, seier ho til På Høyden.

Universitetet i Bergen må drive langt meir aktiv rekruttering dersom ein skal få dei beste hovuda, meiner Sigrunn Eliassen, representant for dei midlertidig tilsette i universitetsstyret og forskar ved Institutt for biologi. Då universitetsstyret drøfta framlegget til heilskapleg rekrutteringsstrategi for UiB rett før påske, foreslo ho mellom anna at forskarar som har fått tildelt stipend frå European Research Council (ERC) bør bli vurderte for professorat ved universitetet etter endt stipendperiode.

– Stipendiat frå ERC er noko av det mest høgthengande du kan bli tildelt. Det er pussig at du skal kunne vinne EM i forsking, og ikkje ein gong kome med på kretslaget ved UiB, seier ho.

 

Powered by Labrador CMS