Annonse

Vil redusera forskingstida til ineffektive forskarar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det bør vurderast om dei forskarane som publiserer lite eller ingenting i løpet av ein fireårsperiode, skal få redusert den delen av arbeidstida som er øyremerkt forsking. Aktive forskarar bør samtidig få naudsynte driftsmidlar til forskinga si frå universiteta og høgskulane. Det foreslår fleirtalet i Fagerberg-utvalet som i dag la fram rapporten ”Et åpnere forskningssystem”, melder Uniforum.

Det mest kontroversielle forslaget til Fagerberg-utvalet er utan tvil forslaget om å redusera forskingstida til dei forskarane som i løpet av fire år nesten ikkje publiserer i vitskaplege tidsskift eller i andre kanalar som forskingssamfunnet har peika ut som viktige.

Samtidig vil fleirtalet i utvalet at dei mest aktive forskarane skal få tildelt driftsmidlar direkte frå institusjonen dei arbeider ved. På dette punktet reserverte mindretalet i utvalet, Gry Alsos, Randi Søgnen og Astrid Lægreid seg. Dei meiner at dette er ein liten formålstenleg bruk av midlane til institusjonane.

 

Powered by Labrador CMS