Annonse

Vil kutta ut Nils Klimprisen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For å løysa sine økonomiske vanskar føreslår styret i Ludvig Holbergs minnefond å leggja ned Nils Klimprisen, melder På Høyden. – Ei svært vanskeleg vurdering, seier styreleiar Jan Fridthjof Bernt.

Eit samrøystes styre i Ludvig Holbergs minnefond bestemte mandag å gå inn for nedleggjing av prisen. Fondet har hatt økonomiske problem, og forslaget om å leggja ned prisen til unge forskarar kjem som eit av dei viktigaste tiltaka for å løysa problema.
– Styret har vedteke å be Kunnskapsdepartementet om å endra statuttane til fondet og avslutta Nils Klimprisen, seier Bernt til På Høyden.

Det er med tungt hjarte styreleiaren bed om å leggja ned prisen, som kvart år gjev 250.000 kroner til ein ung nordisk forskar.
– Det er ein viktig pris som setter søkjeljoset på yngre forskarar. Eg trur me vil få reaksjonar på dette, og personleg tykkjer eg det er særs synd, seier Bernt.

Det vert til sjuande og sist opp til departementet å vedta om prisen vert kutta eller ikkje.

Powered by Labrador CMS