Annonse

Vil gi meir pengar til dei nye universiteta

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Opposisjonspartia på Stortinget vil gi meir pengar til dei nye universiteta i Stavanger, Agder og Bodø, melder Uniforum. – Det skal vera ei drahjelp for å få dei til å auka den vitskaplege publiseringa, seier stortingsrepresentant Svein Harberg frå Høgre.

Det er i ein merknad til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2012 det går fram at opposisjonspartia samla står bak eit forslag om å betra rammevilkåra for dei nyaste universiteta: Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Nordland. Dei viser til at dei ikkje lenger er statlege høgskular, og at forholda difor bør leggjast betre til rette for at dei kan konkurrera om forskingspengar på likare vilkår med dei gamle universiteta.

 

Powered by Labrador CMS