Annonse

Viktig havmiljøkontor til Bergen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Verdas einaste reindyrka forskingsprogram på hav og marine økosystem vert frå no av administrert frå Havforskingsinstituttet på Nordnes i Bergen. Dette melder Havforskingsinstituttet.

Sjølve opninga skjedde 24.  mai. Då stengde dørene i Brest og IMBER internasjonale prosjektkontor var offisielt overflytta til Bergen.

Kontoret koordinerer aktivitetane i det internasjonale forskingsprogrammet IMBER (sjå faktaboks). IMBER er det einaste større forskingsprogrammet som utelukkande konsentrerer seg om forholda i havet. Programmet skal – grovt fortald – undersøkja korleis dei store marine økosystema toler global oppvarming, havforsuring og annan menneskeskapt påverknad. Meir enn 3000 forskarar frå heile verda bidreg til dagens åtte IMBER-prosjekt.

Powered by Labrador CMS