Annonse

Vesten dominerer samfunnsvitskapane

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I perioden 1997-2007 blei halvparten av alle dei samfunnvitskaplege artiklane i verda publiserte i Nord-Amerika,medan 40 prosent blei publiserte i Europa.

Resten av verda stod berre bak 10 prosent av desse artiklane. Samtidig er kvar femte person som tar doktorgrad i samfunnvitskap i USA, fødd i eit anna land. Det kjem fram i UNESCOs tiårsrapport om samfunnsvitskapane.

Rapporten peikar i første rekkje på dei store skilnadane mellom samfunnsvitskapane i nord og i sør. Samtidig viser den at samfunnsvitskapane styrkjer sin posisjon i land som Kina, Brasil og India.

Derimot er store delar av Afrika komen i bakleksa. Av dei samfunnsvitskaplege artiklane frå land sør for Sahara som er registrerte i databasen Web of Science, kjem 75 prosent av dei frå ei handfull universitet i Sør-Afrika, Nigeria og Kenya.

Powered by Labrador CMS