Annonse

Verdifull boksamling funne

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Inst inne i eit lager i ein kjellar på Universitetet i Tromsø vart det nyleg funne att fleire tusen bøker, tidsskrift og ulikt anna materiale, nærare bestemt 255 hyllemeter, som ingen lenger visste at dei hadde mista.

Materialet viste seg å vera brorparten av samlinga etter den språkmektige kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud. No er Universitetsbiblioteket i full gang med å registrere samlinga - til glede for forskarane.

Powered by Labrador CMS