Annonse

Vann Forskar Grand Prix i Oslo med hjartemedisin

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Doktorstipendiat Geeta Gulati frå Universitetet i Oslo og  Akershus universitetssykehus vann  i går kveld Forskar Grand Prix Oslo med foredraget «Hjertesorg» av cellegift, skriv Uniforum.

No drar ho til landsfinalen i Tromsø saman med sølvmedaljevinnaren Anicke Brandt-Kjeldsen frå UMB.

Gjennom ei glitrande oppvising og framsyning av prosjektet sitt på Sentrum scene, vann Gulati hjarta til både dommarane og publikum.  Ho fekk ekstra honnør både for engasjementet sitt og for å bruka seg sjølv og levande personar i presentasjonen av forskingsprosjektet. Dessutan fekk ho også ei ekstra stjerne i boka for å ha understreka at ho enno ikkje veit sikkert om det er mogleg å utvikla ein hjartemedisin som kan betra hjartefunksjonen hos kvinner som har fått cellegift på grunn av brystkreft.

Landsfinalen går av stabelen i Tromsø førstkomande laurdag.

Powered by Labrador CMS