Annonse

Vann delfinale med protein 64

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

 

Doktorstudent Helene Knævelsrud vann den første delfinalen i Forskar-Grand Prix med formidlinga av korleis ho oppdaga protein 64 då ho var på jakt etter nye delar av cella sine søppelbilar, melder Uniforum. Premien var ein reisesjekk på 7500 kroner. – Reine eventyrforteljaren, meinte jurymedlem Loveleen Kaur.

Helene Knævelsrud fekk toppkarakteren 6 hos alle dei tre jurymedlemane Loveleen Kaur,Bjørn Vassnes og UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Og ho var også ein klar vinnar då stemmene frå publikum i Chateau Neuf var talde opp.

– Juryen sin dom og publikum sin dom talde halvparten kvar, forklarte programleiarane Erik Solbakken og Hadji N’jie. På den tida ho hadde til rådvelde, fortalde Helene Knævelsrud om den lange jakta på eit bestemt protein, protein 64. – Etter mange forsøk og halvtanna år i laboratoriet, fann eg det. Det var proteinet som førte til at cellene i kroppen forfall og var utsette for kreft. Om me får til å produsera ein medisin som kan bremsa effekten av dette proteinet, kan me lova dykk eit lengre og betre liv, med mindre kreft og demens, sa ho.

Ein imponert jury let seg forføra av framføringa hennar: – Strålande, sa Bjørn Vassnes. – Svært god diksjon, meinte Ole Petter Ottersen. – God innleving, ja reine eventyrforteljaren. Og ordentleg tverrfagleg, tykte Loveleen Kaur.

 

Powered by Labrador CMS