Annonse

Ute av syne, ute av sinn?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Klimaforskarane sine atterhald blir usynlege. Nyansane i språket forsvinn i den oppheita klimadebatten, ifølge professor Kjersti Fløttum, melder På Høyden.

I 2007-rapporten frå FN sitt klimapanel blir det slått fast at mellom 10-30 prosent av artane på jorda kan ha auka risiko for å bli utrydda dersom somme klimaendringar slår inn.

– I den offentlege debatten blir dette lett til at 30 prosent av artane er utrydningstruga, seier Kjersti Fløttum, professor ved Institutt for framandspråk.

Fløttum har teke eit djupdykk i språkbruken i rapportane til FN sitt klimapanel og undersøkt korleis vitskapleg språk blir omforma til argument i den politiske debatten. Mellom anna har ho vore til stades i Europaparlamentet og følgt politikarane sine diskusjonar før og etter klimatoppmøtet i København i fjor. I møtet med den oppheita og polariserte klimadebatten taper språkleg nøyaktigheit.

Les hele saken på nyhetert.uib.no

Powered by Labrador CMS