Annonse

Utan blikk for likestilling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fagerbergutvalet, som har evaluert ressursbruken innanfor norsk forsking, har laga ein 170 sider lang rapport som ikkje nemner likestilling med eitt ord.

– Eg er overraska over at det er mogleg å lage ei innstilling som er så reinsa for kjønnsperspektiv, seier Gerd Bjørhovde, leiar for Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif-komiteen) og professor ved Universitetet i Tromsø, om Fagerbergutvalet sin rapport.

Det var 2. mai i år at utvalet leverte rapporten Et åpnere forskningssystem til Tora Aasland, minister for forsking og høgare utdanning. Utvalet, leia av Jan Ernst Fagerberg, professor ved Universitetet i Oslo, har sett på sambandet mellom resultat og ressursinnsats i norsk forsking og vurdert om forskingssystemet fungerer godt nok. I rapporten hevdar Fagerbergutvalet at norsk forsking dei siste åra har utvikla seg i ei meir lukka retning. Dei konkluderer mellom anna med at norsk forsking er for tematisk styrt, difor tek dei til orde for at to milliardar kroner årleg må settast av til fri forsking. Utvalet går også inn for ein større open konkurransearena for forsking, og for å sikre meir driftsmiddel til aktive forskarar. Men utvalet nemner altså ikkje likestilling med eitt ord, og skriv heller ikkje noko om kva likestillingspolitiske konsekvensar forslaga dei kjem med kan få.

Utvalsleiar Jan Ernst Fagerberg er ikkje einig i kritikken frå Kif-komiteen.

– Det er korrekt at vi ikkje skriv om kjønnsperspektiv i rapporten vår, verken den eine eller den andre vegen. Det betyr likevel ikkje at forslaga våre ikkje vil vere gunstige for kvinner. Eg er sikker på at forslaga våre om meir open konkurranse og breiare rekruttering vil vere gunstig for likestillinga.

Powered by Labrador CMS