Annonse

Usikker framtid for språksamlingane

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Språksamlingane med norske ord, stadnamn og dialektar må vurderast etter kor viktige dei er for forsking og undervisning, understrekar UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Det skriv Uniforum.

Språksamlingane til UiO har i stor grad både blitt samla av og brukte av dei vitskaplege tilsette i prosjektet Norsk Ordbok 2014. Når det siste bandet er ferdig i mars 2015, er heile prosjektet avslutta.

– Etter denne datoen er ordboksprosjektet ved UiO nedlagt, gjer UiO-rektor Ole Petter Ottersen heilt klart i ein epost til Uniforum. Han viser til at Det Norske Samlaget, som gir ut Norsk Ordbok,  fekk det same svaret i eit brev frå november i fjor. – Me er klare over prosjektet sitt eige ynskje om vidare drift lokalisert til UiO, men for oss er det viktig at prosjekt blir avslutta i samsvar med intensjonane, understrekar Ottersen.

Powered by Labrador CMS