Annonse

Universitetsmuseet i Bergen lukkar i fem år

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

1. november går dørene til Universitetsmuseet igjen, og opnar ikkje før tidlegast våren 2018, skriv På Høyden.

I sørfløyen av Universitetsmuseet skal det byggjast aula, og oppstartsløyvinga kom på revidert nasjonalbudsjett i mai i år. I statsbudsjettet for 2014 er det løyvd 80 millionar kroner av ei ramme på rundt 320 millionar kroner. Arbeidet med å rive sørfløyen innvendig kom skikkeleg i gang etter ferien i år, og dei grovare rivingsarbeida vil først skje over nyttår.

Dei skjøre gjenstandande på museet vil ikkje tole all ristinga og støvet arbeidet fører med seg, og må difor flyttast. Dei største objekta, som kvalskjeletta, vil ikkje bli flytta, men tekne vare på der dei står.

Dei kulturhistoriske samlingane vil derimot vere opne i heile perioden, i eit anna bygg. 

Powered by Labrador CMS