Annonse
Rapporten syner korleis studentar flyttar seg mellom institusjonar, og når i løpet dei som fell ut av sektoren sluttar. (Foto: UiB)

Gir svar om fråfall i høgare utdanning

For fyrste gong får norske universitet og høgskular innsikt i kva som skjer når studentar sluttar ved institusjonen: Flyttar studentar til andre lærestadar, eller fell dei ut frå høgare utdanning?

– UiB har lenge sett behovet for å sikre kunnskap på dette området, og har no gjort ein jobb for sektoren for å få dette på plass. Rapporten gjev oss verdifull informasjon om kor tid det er spesielt viktig å følgje opp studentane best mogleg, for å få flest mogleg til å fullføre ein grad, seier viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal.

Den nye rapporten «Analyse av studentflyt og sektorfrafall i høyere utdanning i Norge» er utarbeida på oppdrag frå UiB, og syner mellom anna kor mange studentar som fullfører ein grad ved dei ulike utdanningsinstitusjonane. 

Av studentane som starta utdanninga si hos UiB, oppnådde 63,2 prosent ein bachelorgrad, enten hos UiB eller ved ein annan utdanningsinstitusjon. Gradsoppnåelsesandelen til UiB er høgare enn hos UiO, NTNU og UiT.

Powered by Labrador CMS