Annonse
Universitetet i Bergen blir i 2017 rangert som mellom dei 201 til 250 beste universiteta i verda av Times Higher Education. (Foto: Marianne Røsvik/UiB)

Universitetet i Bergen mest sitert i landet

Times Higher Education plasserar UiB blant dei 100 mest siterte universiteta i verda.

– UiB ynskjer å være eit internasjonalt relevant universitet, difor er dette gledelig, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Times Higher Education rangerar årleg dei beste universiteta i verda på ulike indikatorar. Totalt sett ligg UiB som ifjor på ein delt 201.-250. plass på rangeringa.

Blant universiteta i Noreg er UiB rangert øvst på sitering og internasjonal profil, og er i år også inne på topp 100 mest siterte universitet i verda. Rektor Olsen er godt nøgd:

– Dette viser at forskinga som utførast har internasjonal interesse og internasjonalt gjennomslag, noko som ikkje hadde vore tilfelle om den ikkje også heldt høg kvalitet.

Powered by Labrador CMS