Annonse

– Universitetet i Bergen manglar visjonar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- UiB manglar visjonar for globale utfordringar som klimaendringar og dei samfunnmessige konsekvensane. Den disiplinbaserte tilnærminga fungerer dårleg, meiner Asunción St.Clair (bildet) og Eystein Jansen, melder På Høyden.

Neste veke samlast representantar for det internasjonale samfunnet til klimatoppmøte i Cancun i Mexico. Her skal det førast forhandlingar om ein ny internasjonal klimaavtale, ei av dei største utfordringane det globale samfunnet står overfor.

Forskarar innan klima, helse, fattigdom og utvikling ved Universitetet i Bergen meiner at globale utfordringar krev eit sterkare og tettare tverrfagleg samarbeid, og ei satsing frå universitetet som er mykje tydelegare enn i dag.

– Den grunnleggjande feilen vi gjer i dag er å behandle klimaendringar som eitt avgrensa forskingsfelt. For å møte utfordringane må ulike fagfelt gå saman og utfylle kvarandre. Det er vårt ansvar som universitet å utdanne og førebu dei unge til å møte kompleksiteten i klimaendringane, seier Asunción St.Clair, professor i sosiologi og nyleg avgått leiar i CROP.

Les hele saken på nyheter.uib.no

Powered by Labrador CMS