Annonse

– Universiteta må forska på universiteta

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er behov for nye og normative modellar for kva eit universitet er. Difor må me forska meir på universitetssystemet, slår Uppsala-professor Kerstin Sahlin fast, ifølge Uniforum.

– Universiteta var seint ute med å tilpassa seg til den nye offentlege styringsmodellen (New Public Management) samanlikna med andre offentlege sektorar. Me var meir opptatt av å sjå på utviklinga i andre delar av samfunnslivet enn å sjå på vår eigen universitetsorganisasjon, konstaterte økonomiprofessor Kerstin Sahlin i eit foredrag ho heldt på Universitetet i Oslo nyleg. Sjølv er ho ekstern representant i styret for UiO, samtidig som ho for inntil kort tid sidan var prorektor ved Uppsala universitet.

Sahlin peika på at universiteta i Skandinavia ofte har kome i skvis mellom to ulike universitetsmodellar.

– Den eine modellen er ein rein forretningsmodell der du forventar å få igjen det du har investert i form av gode resultat og gode kandidatar. Leiarane er ofte profesjonelle administratorar og styret har eit fleirtal av eksterne medlemar. Den andre modellen er kollegiemodellen der forskarane sjølve sit i dei viktigaste posisjonane som rektor, dekanar og instituttleiarar. Rektor blir som regel vald og fleirtalet av styremedlemane er interne. Men me  har ofte svært vanskeleg for å forklara kva som gjer at den eine modellen er betre enn den andre, meinte Sahlin.

Powered by Labrador CMS