Annonse

– Universiteta blir overstyrt

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Regjeringa trugar med sanksjonar om ikkje universiteta aukar studentopptaket, melder Studvest. – På kvaliteten laus, meiner rektorar.

Regjeringa har ambisjonar om å møte yngrebølga med å tildele fleire studieplassar. Rektorane ved universiteta i Bergen og Oslo er skeptiske til å auke antal studieplassar. Ved Universitetet i Bergen ønskjer ein i staden å nytte tildelingane til å finansiere allereie eksisterande studieplassar. Universitetet i Oslo vil på den andre sida bruke tildelingane for 2011 til nye studieplassar, men kuttar samstundes opptaksramma med 51 plassar fra 2009 til 2010.

Dette fell ikkje i god jord hos Kunnskapsdepartementet, som trugar med sanksjonar dersom tildelte studieplassar ikkje resulterer i ei faktisk auke i opptaksrammene. Dette blei sist formalisert i eit brev Universitetet i Bergen fekk frå departementet forrige veke. Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Kyrre Lekve presiserer:

– Om enkelte institusjonar ikkje vil auke antal studieplassar så betyr det at dei ikkje er eit eigna mål for framtidige tildelingar.

Powered by Labrador CMS