Annonse

– Undervisning og forsking må verdsetjast likt

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Fagmiljøa må sleppa dei beste forskarane ut i dagen med ein gong det kjem nye studentar. Og det må bli like meritterande å undervisa som å forska, sa rektor Ole Petter Ottersen i ein debatt om framtidas Universitetet i Oslo på Blindern tysdag 26. juni.

Også medisinsprofessor Borghild Roald, leiar for Studentparlamentet, Mari Helén Varøy, farmasistipendiat Benjamin Larsen og Abelia-direktør Paul Chaffey deltok i debatten om korleis Universitetet i Oslo burde sjå ut for studentane i 2020.

Arrangementet var ein del av dei kreative dagane som UiO skipar til for å skapa blest og merksemd rundt utkastet til Strategisk plan 2010–2020.

Rektor og medisinprofessor Ole Petter Ottersen tok først tak i det som samfunnet først og fremst etterspør frå UiO.

– Det me verkeleg leverer tilbake til samfunnet er utdanning av høg kvalitet som gir folk med høg kompetanse. I det store og det heile er det langt viktigare enn ein vitskapleg artikkel som i gjennomsnitt blir sitert av andre halvannan gong, meinte Ottersen. Han viste til ”Yngrebylgja” som snart vil vera over oss.
 

Les hele saken hos Uniforum.

Powered by Labrador CMS