Annonse

UiT eksaminerer kandidatar i Bamako

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Samarbeidet mellom Visuelle kulturstudium ved Universitetet i Tromsø og Universitetet i Bamako, Mali, ber frukter. Førre veka gjekk tre kandidatar i Bamako opp til mastereksamen med sine eigenproduserte filmar, melder UiT.

- Samarbeidsprosjektet er finansiert gjennom ACE-midlar frå Senter for internasjonalisering av utdanning, fortel Trond Waage, førsteamanuensis ved Visuelle kulturstudium (VKS).

Han er, saman med professor Lisbet Holtedahl, i Bamako for å jobbe fram nye forskingssøknader og for å uteksaminere dei nemnde studentane.

- Dei tre studentane har laga 15 minutt lange filmar, i tillegg til avhandlinga dei har skrive. Filmane er laga under rettleiing av staben på VKS, avhandlingane er rettleidd av antropologane ved Universitetet i Bamako, seier Waage.

 

Powered by Labrador CMS