Annonse

UiO tar ikkje lenger ansvaret for språksamlingane

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Språksamlingane kan vera på veg ut av Universitetet i Oslo, skriv Uniforum.

I går vedtok styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium med seks mot to stemmer at det ikkje skal ta ansvaret for samlingane.

Vedtaket inneber at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ikkje lenger skal ta ansvaret for vidare forvaltning og drift av samlingane som er knytte til leksikografi og namnegransking etter at prosjektet Norsk Ordbok 2014 blir avslutta. Samtidig gir instituttstyret fullmakt  til instituttleiar – i samråd med HF og UiO sentralt -  å kontakta eksterne institusjonar for å fortelja dei om at instituttet ikkje lenger tar på seg drifta av desse samlingane, men på same tid oppmoda til at det blir funne ei god løysing for desse samlingane. Om det ikkje skulle føra fram, vil instituttet passa på at samlingane blir deponerte på ein forsvarleg måte i samsvar med statlege retningslinjer og føreskrifter, heiter det i vedtaket frå instituttstyret.

I sakspapira var det ikkje tatt med noko om at Kulturdepartementet i eit brev krev klare svar frå UiO om kva dei vil gjera med språksamlingane og Norsk Ordbok.  Desse svara må vera Kulturdepartementet i hende 15. juni. I det brevet blir det også peika på at universitetet har fått serskild finansiering av arbeidet med samlingane heilt frå 1972.

Powered by Labrador CMS