Annonse

UiO-studentar: – Podkast er nyttig

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Seks av ti studentar på Universitetet i Oslo seier at podkastane i stor grad har vore til nytte, melder Uniforum. Det viser ei ny spørjeundersøking.

– Nei, eg brukar ikkje podkast. Eg trivst best med å ta gode notatar på forelesingane, seier sosiologistudent Martha Helgeland.

Studentundersøkinga viser at sju av ti studentar brukte podkastane som repetisjon før eksamen. Litt over halvparten av dei spurde, 56 prosent lytta til podkastane for betre å forstå det som var vanskeleg å få med seg på forelesinga. 55 prosent av studentane har lytta til meir enn halvparten av podkastane. Undersøkinga viser at det studentar som tar kristendom og sosiologi som i størst grad har brukt podkast.

Det er Digitale medium i læring ved Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) som står bak undersøkinga.

Les hele saken på uniforum.uio.no

Powered by Labrador CMS