Annonse

– UiO skal bli leiande i globalt nærvær og ansvar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Universitetet i Oslo skal stå fram som eit av dei leiande universiteta i verda både i globalt nærvær og i globalt ansvar. Det er visjonen til universitetsleiinga, kunngjorde UiO-rektor Ole Petter Ottersen i årsfesttalen sin fredag 31. august, melder Uniforum.

Dei som brukte fredag ettermiddag til å delta på UiOs årsfest fekk eit fyldig program med både utdeling av Universitetet i Oslo sine prisar og ein god dose med både klassisk musikk og jazz. Det var god stemning i Universitetets aula, sjølv om det  hadde vore god plass til fleire.

Dei som kom fekk høyra rektor Ole Petter Ottersen tala varmt om internasjonalisering og den rolla han meiner UiO bør spela på verdsarenaen. Han peika på samarbeidstiltak både i nord og i sør.

– Vårt nye Peder Sather-senter på Berkeley eit eit av fleire tiltak for å sikra nærvær ved leiande universitet i den vestlege verda. Men det internasjonale engasjementet vårt krev også at me er til stades i det globale sør. I sommar var eg i i Tanzania for å fornya samarbeidsavtalen vår med universitetet i Dar Es Salaam. Og eg var i Myanmar for å førebu grunnen for eit utstrekt samarbeid under NORADs nye program NORHED, fortalde han. Ottersen meinte at dette var ei viktig oppgåve for UiO.

Powered by Labrador CMS