Annonse

UiO protesterer mot fengsling av iransk forskar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den 13. mai blei fysikkforskaren Omid Kokabee frå University of Texas i Austin dømt til ti års fengsel i Iran skulda for å ha hatt illegal kontakt med ei utanlandsk regjering.  No ber Universitetet i Oslo iranske styresmakter om å gi han høve til å appellera dommen til ein upartisk domstol og gi han medisinsk behandling i fengselet, melder Uniform.

Det var i februar 2011 fysikkforskaren Omid Kokabee blei arrestert på flyplassen i Teheran etter at han hadde vore på besøk hos foreldra sine i heimlandet. Etter å ha vore i fengsel i 15 månader, blei han dømt til ti års fengsel 13. mai i år for å ha hatt illegal kontakt med ei utanlandsk regjering. Han har sjølv heile tida nekta for å ha gjort det han blir skulda for av iranske styresmakter. Både organisasjonane Scholars at Risk og Concerned Scientists har protestert mot dommen. No gjer også Universitetet i Oslo det.

– Universiteta har eit ansvar for å reagera når me ser at rettane til studentar og akademikarar blir truga, slik me meiner skjer i denne saka, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Han viser til at dette er ei viktig oppgåve for UiO.

– Dette er jo heilt i samsvar med UiOs engasjement i Scholars at Risk, som skal støtta opp om akademisk fridom og motarbeida undertrykking av forsking og utdanning, uansett kvar i verda dette skjer, understrekar Ottersen.

Powered by Labrador CMS