Annonse

UiO-professor skal arbeida mot vilkårleg fengsling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

UiO-professor og jurist Mads Andenæs er på nytt utnemnd av FNs menneskerettsråd til medlem i arbeidsgruppa som granskar vilkårleg fengsling. Han vil dermed få ein ny treårsperiode i gruppa, melder Uniforum.

Mads Andenæs er professor i privatrett ved Universitetet i Oslo og tidlegare direktør ved Norsk senter for menneskerettar, UiO. Arbeidsgruppa han er utnemnd til medlem av, utfører undersøkingar i land der det kan ha skjedd vilkårlege fengslingar i strid med standardane i Menneskerettserklæringa og menneskerettskonvensjonane som det aktuelle landet har akseptert.

Arbeidsgruppa sitt mandat omfattar også å driva undersøkingar av korleis den administrative forvaringa av asylsøkjarar og immigrantar skjer i ulike land. FNs menneskerettsråd gav nyleg gruppa i oppdrag å førebu retningslinjer for prosedyrar som skal syta for at alle som blir arresterte, skal få fremja si sak for retten.

Powered by Labrador CMS