Annonse

UiO-professor ny direktør for Språkrådet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Arnfinn Muruvik Vonen (50) er utnemnd til ny direktør for Språkrådet, melder NTB. Vonen er i dag professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Han etterfylgjer Sylfest Lomheim som gjekk av som språkdirektør 1. september i fjor, melder Uniforum.

Arnfinn Muruvik Vonen har dei siste åra arbeidd mest med teiknspråk og dei forskingsutfordringane teiknspråka representerer når det gjeld språk som allment menneskeleg fenomen, går det fram av nettpresentasjonen hans på sidene til Institutt for spesialpedagogikk, UiO.

Vonen har hovudfag i lingvistikk frå Universitetet i Oslo i 1988. Han har også studert russisk og sosialøkonomi ved UiO. Han blei tilsett som ved Institutt for spesialpedagogikk i 1995 og blei professor der i 1997. Samtidig har han vore knytt til Forskings- og utviklingsavdelinga ved Skådalen kompetansesenter i Oslo frå 1994 til 2007.

Powered by Labrador CMS