Annonse

UiO opprettar innovasjonpris

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

På jubileumsårsfesten 1. september 2011 skal den nyetablerte innovasjonsprisen til UiO delast ut for første gong. – Det er mogleg å få pris både for innovasjon innanfor forsking og undervisning, men også for entreprenørskap, seier prorektor Inga Bostad som leier priskomiteen.

Fram til no har Universitetet i Oslo delt ut både forskingspris, formidlingspris og læringsmiljøpris på årsfestane. Frå og med hausten 2011 skal Universitetet i Oslo begynna å dela ut den nystarta innovasjonsprisen.

– På den måten kan me gi pris til den eller dei som har gjort ein spesiell innsats innanfor dei kjerneområda til eit universitet som blir lista opp i Universitets- og høgskulelova. Dei tre pilarane er forsking, utdanning og formidling. Ved sida av desse tre hovudoppgåvene har me etter Universitets- og høgskulelova også ansvar for å bidra til innovasjon og nyskaping. Fram til no har me ikkje hatt ein eigen pris for innovasjon. Det bøter me på ved å oppretta denne prisen frå og med 2011, seier Inga Bostad. Prisen blir på 250 000 kroner og vil dermed ha same premiesum som dei tre andre prisane.

Powered by Labrador CMS