Annonse

UiO og Helsingfors universitet mest synlege på web i Norden

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Oslo kjem på niandeplass i Europa og på andreplass i Norden av dei universiteta som er mest synlege på nettet, meldar Uniforum

Cambridge-universitetet tar førsteplassen i Europa, medan Helsingfors universitet er best i Norden, viser den siste rangeringa til Webometrics.

På verdsrangeringa kjem Universitetet i Oslo på 69. plass på denne målinga. Det er tre plassar opp samanlikna med målinga frå i fjor sommar. På lista over dei beste europeiske universiteta går UiO opp frå 11. til 9. plass. Webometrics er nært knytt til Spanias forskingsråd, og måler i hovudsak i kor stor grad universiteta er til stades på nettet, både med offisiell informasjon og med forskingsartiklar.

Det er dei to amerikanske toppuniversiteta Harvard og Stanford som tar dei to øvste plassane på verdsrangeringa, tett fylgde av Massachusetts Institute of Technology (MiT) på tredjeplass. Europas beste universitet, University of Cambridge kjem på 14. plass. Først på 19. plass kjem det første universitetet utanfor den engelskspråklege verda. Det er Sao Paulo-universitetet i Brasil.

Powered by Labrador CMS