Annonse
(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

UiO må stansa borreliaforsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Helsetilsynet gir no UiO formelt pålegg om å stansa forskingsprosjektet til dei pensjonerte professorane Ivar Mysterud og Morten Laane på Institutt for biovitskap, skriv Uniforum.

Dei har forska på flått som berar av borrelia-bakterien.

UiO må også leggja ned forskingsbiobanken forskarane har oppretta.

Pålegget kjem i eit brev Helsetilsynet sende til Universitetet i Oslo før helga, og som Uniforum har fått tilgang til. Der blir borreliaforskinga til biologane Ivar Mysterud og Morten Laane skildra som så uforsvarleg at den må stansast.

Powered by Labrador CMS