Annonse

UiO kartlegg arbeidsvilkåra til doktorstudentane

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Doktorstudentane er gullet vårt og uhyre viktige både for Universitetet i Oslo og for samfunnet. Difor vil me gjerne vita korleis dei har det i studiet og kva som kan gjerast betre. Det seier Berit Hyllseth som er prosjektleiar for ei spørjeundersøking mellom ph.d.-kandidatane på UiO til Uniforum.

Denne veka får alle dei 3000 som er registrerte som ph.d.-kandidatar ved UiO, eit spørjeskjema på e-post. For første gong i historia skal Universitetet i Oslo få svart på kvitt korleis doktorstudentane har det på studiet, kva dei synest er bra med doktorutdanninga og kva dei gjerne vil skal bli betre.

– Me ynskjer også å vita om kandidatane får den faglege og administrative oppfylginga som dei treng, og om doktorutdanninga vår passar inn i ein stadig meir konkurranseprega, internasjonal forskingsrøyndom. Og me vil samtidig ha svar på om utdanninga vår tar høgd for at om lag halvparten av ph.d.-kandidatane finn arbeid utanfor akademia, seier prosjektleiar Berit Hyllseth i Forskingsadministrativ avdeling, UiO.

Som støttespelarar i arbeidet har ho med seg ei arbeidsgruppe på åtte personar, fem professorar, ein stipendiat, ein administrativ tilsett og ein representant frå eit eksternt forskingsinstitutt. I undersøkinga vil dei gjerne også kartleggja korleis doktorkandidatane vurderer arbeidsdagen sin, kva dei ynskjer skal bli betre og korleis dei ser på sjansane til å bli ferdige på normert tid.

Powered by Labrador CMS