Annonse

UiO har skifta slagord

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Oslo reklamerer ikkje lenger med ”Norges ledende universitet”, men med ”et ledende europeisk universitet” på nettstaden sin. – Koplinga til strategiplanen ligg bak skiftet, seier rektor Ole Petter Ottersen, til Uniforum.

Det var i førre veke Uniforum kunne melda at andre universitetsrektorar reagerte svært sterkt på at UiO reklamerte på nettsidene sine med slagordet ”Bli student på Norges ledende universitet.”

Rektor ved Universitetet for miljø og biovitskap (UMB), Knut Hove reagerte sterkast.

– Etter mi meining startar UiO då på ein vulgærmarknadsføringskonkurranse som er uverdig det eldste universitetet vårt , og som ikkje byggjer opp respekt for akademiske verdiar, sa Hove til Uniforum.

Les hele saken i Uniforum

Powered by Labrador CMS