Annonse

UiO-forskar mistenkjer PST for ulovleg overvaking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Oljeforskar Helge Ryggvik på Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO melder Politiets Sikringsteneste (PST)  til  Stortingets kontrollutval. Ryggvik mistenkjer PST for å ha overvaka han og fagforeiningsleiar Terje Nustad under eit forskingsoppdrag i Colombia, melder Uniforum.

– Me kjem til å levera ein formell klage til Stortingets EOS-utval for å ha vore utsette for politisk overvaking på heilt feil grunnlag, seier oljeforskar Helge Ryggvik til NRK. Kontraåtaket mot PST kom på ein pressekonferanse på Blindern i formiddag. Der deltok også fagforeiningsleiar Terje Nustad og Andreas Ytterstad i Internasjonale Sosialistar.

Bakgrunnen for den harde kritikken mot PST er at avdelingsdirektør Tore Risberget i PSTs operative avdeling i NRK Dagsrevyen på onsdag vedgjekk at dei hadde fylgd med på kva medlemar i Internasjonale Sosialistar dreiv med. «Det var opplysningar den gongen om at det var kontaktar mellom enkeltpersonar av Internasjonale Sosialistar og FARC-geriljaen i Mellom-Amerika», sa Risberget.

Powered by Labrador CMS