Annonse

UiO er tredje mest synlig Norden

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Oslo kjem på sekstandeplass i Europa og på tredjeplass i Norden av dei universiteta som er mest synlege på nettet, meldar Uniforum. Københavns Universitet er best i Norden medan Oxford-universitetet tar førsteplassen i Europa, viser den siste rangeringa til Webometrics.

På verdsrangeringa kjem Universitetet i Oslo på 103. plass på denne målinga. Det er 34 plassar ned samanlikna med målinga frå februar. Då hadde UiO gått opp tre plassar, samanlikna med i fjor sommar, så det er tydeleg at plasseringane svingar mykje frå gong til gong.

På lista over dei beste europeiske universiteta går UiO ned frå 9. til 16. plass. I Norden må UiO sjå seg slått av både Københavns Universitet og Helsingfors universitet som hamnar som høvesvis nummer 13 og 14 i Europa.

Den siste rangeringa til Webometrics blei publisert i natt, og den er den andre av dei to årlege rangeringane frå den spanske forskingsgruppa. Webometrics er nært knytt til Spanias forskingsråd, og måler i hovudsak i kor stor grad universiteta er til stades på nettet, både med offisiell informasjon og med forskingsartiklar.

Powered by Labrador CMS