Annonse

UiO blir nytt på nett

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag får UiOs hovudside ei heilt ny nettdrakt. – Forskingsformidling får ein heilt ny og dominerande plass, samtidig som den grafiske profilen er blitt heilt endra , seier webredaktør Hildegunn Lunden, ass. kommunikasjonsdirektør Marina Tofting,og prosjektleiar Elizabeth Melsom, melder Uniforum.

Prosjektleiar Elizabeth Melsom er opptatt av å få fram at nettsidene er testa ut på brukarane undervegs.

– Me har sjekka sidene med både noverande og tidlegare studentar og noverande og tidlegare forskarar, men også til journalistar. Dei har gitt oss tilbakemeldingar på det dei synest har vore bra og mindre bra. Dessutan har me kika på nettsidene til toppuniversiteta Yale, Harvard, Cambridge og Oxford og andre for å sjå om me kunne læra noko av dei. Ingen av deira nettsider var gode nok til at me berre kunne kopiera modellen deira, understrekar Melsom.

– No håpar me at folk gir oss tilbakemeldingar på det dei synest er bra og det dei synest kan bli betre, seier webredaktør Hildegunn Lunden.

Les hele artikkelen i Uniforum

Powered by Labrador CMS