Annonse

UiB utviste student på livstid utan lov

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For nær tre år sia kasta Universitetet i Bergen ein doktorgradsstipendiat ut etter manglande sitering i avhandlinga, og nekta han å levere på nytt nokon gong.

No har Sivilombodsmannen konkludert med at UiB berre har lov til å utvise studentar i maksimalt to semester, skriv På Høyden.

Det heile starta vinteren 2011, etter at stipendiaten hadde levert avhandlinga si 19. november 2010. Komiteen fann i innleiinga til avhandlinga fleire, lengre delar av teksten som var direkte avskrift av andre artiklar om temaet, og innstilte på at avhandlinga ikkje kunne godkjennast, men at delar av ho måtte skrivast om. 

Powered by Labrador CMS