Annonse

UiB jakter på de aller beste

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei tydelegare rollefordeling skal gjera det lettare å sikra at UiB får dei aller beste kandidatane. Det seier professor Nils Erik Gilhus, som leiar arbeidet med å laga nytt reglement for tilsetjing i vitskapelege stillingar, skriv På Høyden.

– Den viktigaste rettesnora vår er å sikra at UiB får dei aller beste kandidatane. Kvaliteten og omdømmet vårt er knytt til dei tilsette, og dei vitskapeleg tilsette har ei nøkkelrolle her.

Det seier Nils Erik Gilhus. Han er professor og instituttleiar ved Klinisk institutt 1, og leiar no komiteen som har fått i oppdrag å sjå på reglement for vitskapeleg tilsette ved UiB.

Powered by Labrador CMS