Annonse

UiB får Statoil-kontrakt

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

UiB og forskarar frå Det psykologiske fakultet vann konkurransen om å bistå Statoil med tryggleiksarbeidet på fartøya som går til og frå oljeplattformane i Nordsjøen, melder På Høyden.

– Vi ville knytte til oss eksterne miljø som kunne bidra til å sjå forbetringspotensiale i både dei harde og dei mjuke verdiane våre. I konkurransen med andre aktørar endte UiB som ein vinnar, seier HMS-leiar i Marine operasjonar, Torleif Norenes til På Høyden.

Marine operasjonar arbeider primært med logistikk og beredskap. Avdelinga rår over om lag 60 forsyningsfartøy, beredskapsfartøy og ankerhandteringsfartøy.

Powered by Labrador CMS