Annonse

– Uakseptabelt å fiksa på forskingsresultat

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er fullstendig uakseptabelt dersom ein offentleg etat eller eit organ vil bruka forskingsresultat for å oppnå politiske mål, understreka forskingsminister Tora Aasland (bildet) i ein debatt i Akademisk forum på Universitetet i Oslo måndag kveld, melder Uniforum.

Diskusjonen i Akademisk forum tok utgangspunkt i Aftenpostens avsløringar av at enkelte departement og offentlege etatar hadde kravd å få endra konklusjonane i forskingsrapportar som dei hadde finansiert. Forskingsbasert politikk eller politisert forsking var temaet som forskingsminister Tora Aasland, medisinprofessor Lars Walløe frå Universitetet i Oslo og forskar Nils Petter Gleditisch frå Fredsforskingsinstituttet difor var inviterte til å ha eit ordskifte om.

– Forskinga skal ha truverd. Difor toler den ikkje slik manipulering som den blei utsett for i dei sakene som Aftenposten skreiv om i fjor haust. Det er grunnen til at me har bede Direktoratet for forvalting om å utarbeida klare retningslinjer der den akademiske fridomen må presiserast innanfor ramma til oppdraget. Det må frå byrjinga vera heilt klart om det er eit forskings- eller konsulentoppdrag, sa Aasland.

Powered by Labrador CMS